Møt Irene Myklebust Tunold som er Kundeansvarlig regnskapsfører i SAND

Møt Irene Myklebust Tunold (29) som startet i SAND rett etter endt utdanning. Hun har en Bachelor i økonomi og administrasjon fra Høgskolen i Bergen.

 

Bilde Irene

Irene Myklebust Tunold Kundeansvarlig regnskapsfører i SAND Økonomi

Kvifor valgte du regnskap?

Etter eit par år i arbeidslivet og ein bachelor i idrett, hadde eg ikkje funne det eg ville drive med. Men interessa for tal og matematikk har eg alltid hatt, og eg hadde fått prøvd meg litt i bedriftsøkonomi. Derfor bestemte eg meg for å starte på økonomi og administrasjon, og eg bestemte meg ganske fort for å gå vidare med fordjuping i regnskap og skatt.

Kvifor SAND Økonomi?

Det er på ein måte tilfeldig at eg begynte hos SAND Økonomi, og eg søkte kanskje på ei stilling som låg litt over mitt erfaringsnivå. Men etter å ha lest annonsa, og sett meg gjennom nettsidene satt eg igjen med eit inntrykk av at dette var ein arbeidsplass for meg. Og då tok eg sjansen.

Overgang studiar til jobb

Overgangen frå studiar til arbeidsliv var noko eg sjølv var veldig nervøs for, og den følast av og til enorm. Forskjellen mellom teori og praksis er stor, men det er først når ein er komen ut i arbeidslivet at sjølve læringa begynner. Likevel merkar eg at studiane har gitt eit godt grunnlag, for eg bruker kunnskapen frå studiet kvar einaste dag. Og eg får heile tida bekrefta at utan det grunnlaget, hadde eg ikkje kunne utføre den jobben eg har. Men det som overraska meg mest er kor mykje meir jobben som regnskapsførar er enn berre bokføring.

Korleis har den første tida di SAND Økonomi vore?

I den tida eg har vore her har eg lært enormt mykje. Eg føler eg har blitt vist stor tillit og eg har fått mykje ansvar med eigne kundar. Det har vore både nervepirrande, hektisk og kjekt. Arbeidet varierer veldig, og det dukkar stadig opp nye utfordringar og problemstillingar.

SAND Økonomi

Som regnskapsførarbyrå vil eg seie at SAND går foran i bransjen med bruk av IT og digitale verktøy i kvardagen. Og ein jobbar kontinuerlig med å forbetre dei verktøya vi bruker og korleis vi bruker dei.

Eg er blitt veldig godt tatt i mot i SAND, og trivast svært godt. Ein blir fort kjent fordi det er fleire som tar initiativ og er flinke til å arrangere litt sosialt utanom arbeidstid også. Det syns eg er viktig. Og for min del har SAND på mange måtar klart å gjort overgangen frå studiar til arbeidsliv lettare. Sjølv om ein blir ”kasta” ut i det omtrent frå dag ein, så har dei stor respekt for at ein er nyutdanna, og ein har gode kollegaer og leiarar rundt seg som gjerne svarer på spørsmål og hjelper til når det trengs.

Irene´s råd til nyutdanna

Ikkje bekymre deg for at du ikkje har erfaring innan yrket/fagområdet, tenk heller på kva erfaringar du faktisk har eller kva du har opplevd og korleis det kan vere relevant for den jobben du skal gjere. Lykke til!

 

 

Sand Økonomi